Inatt har me ikkje sove kjempegodt pga masse skrål utfor teltet. Det var til og med nåken som snakka om å gjer hærverk med syklane våre, men dei ombestemte seg heldigvis :-) Første ferga gjekk fra Jektvik te Kilboghamn og tok ca en time. Deretter sykla me 2,5 mil før me kom til Stokkvågen kor me tok ferja øve te Onøy. Me fekk 2,5 timar med venting her før neste båt, så me tok ein sykkeltur på den fine øya, og åt oksesmåstek på restauranten der. Me tok hurtigbåt til Nesna og måtte betala for 4 syklar pga hengerane.., Litt kjipt:-( Vel framme i Nesna rundt halv 6 på ettermiddagen fekk me endelig starta syklingen skikkelig. Me sykla te Sandnessjøen (ca 3 mil) og hadde pause på ein Shell stasjon med 2 kjekke folk som va på jobb. etterpå sykla me til Tjøtta ferjekai kor me slo opp teltet rett attmed rad 1 av køen. Imåro blir det nok ei ferja. Me har fantastisk ver, og kose oss masse. sykle i shorts og t-skjorta og får littegranne farge på skrotten :-) Litt støle kne og litt oppgnegd rumpa, men ellers er kroppen bra :-D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar